Frå Vetlanaustet til Fjellstrand AS

Der Fjellstrand byggjer aluminiumsfartøy på Omastrand i dag, låg Torgeir Omas Båtbyggjeri, som farfar dreiv. Naustet hans, huset han budde i og huset til Helena-moster inst i vika måtte vike plass då Kværner bygde dei store verftshallane. Eg trur bestefar ville sagt at det var greit. Det som ligg der no, har røter i det han starta.

Og spor av opphavet finst enno. Vetlanaustet ("vetla" er dialektform av "vesle") var starten på Torgeir Omas Båtbyggjeri, og vart ståande etter at han hadde bygd nytt og større naust. Då Fjellstrand reiste dei nye verftshallane, høvde Vetlanaustet godt som lagerskur. Det sto attmed den eine veggen på den største hallen, og vart etter kvart ståande inne i nybygget. Først då innerveggen var kledd med plater ned til taket på Vetlanaustet, vart det rive. Så dekte ein det opne feltet med plater, og såleis står profilen av taket på Vetlanaustet att i betongen - eit minne om det som var starten på Fjellstrand av i dag.

Omastrand 1928
Frå venstre Torgeir Omas naust, Vetlanaustet (i sirkelen), og Odd Omas naust. Odd var son til Torgeir, og kalte tidleg båtbyggjeriet sitt Fjellstrand.
R2C2 Fjellstrand 1999
Austveggen i den største hallen på Fjellstrand, med profilen av Vetlanaustet i platekledningen.

Om båtbyggjing i Strandebarm, Torgeir Omas Båtbyggjeri og Kværner Fjellstrand er det mykje godt å lese i desse bøkene:
  • Båtbyggjing i Strandebarm. Produksjon og omsetnad av småbåtar i Strandebarm kommune 1920-1940 (Atle Ove Martinussens hovudoppgave i historie ved Universitetet i Bergen, 1988)

  • Med sans for båt. Kværner Fjellstrand 1928-1998 (av Åsmund Kristiansen ved Hardanger Fartøyvernsenter)











webmaster